53
sette seg nedatter og song paa nyo. Men daa svarad det no skilet i same Tonen, og nærre en fyrre Gongen. „Det maa vera nokot, kor som er“; Aaslaug spratt upp og lutte seg paa nytt Lag utyver. Og daa saag ho ned ved Fjellveggen ein Baat, som hadde lagt aat, og so djupt nede var det, at han saag ut som ei liti Skjel. Ho drog Augat uppyver, møtte ei raud Huva, og uppunder henne ein Kar, som starvad uppetter so godt som sletta Fjellet. „Kven kann detta vera!“ spurde Aaslaug, slapp Bjørki og sprang langt atter. Ho torde ikkje svara seg sjølv, fyre di ho fulla visste, kven det var. Ho kastad seg ned paa Grassvorden, tok fast i Graset med baada Hender, som det var ho, som inkje skulde sleppa Taket. Men Grasroti losnad, ho skreik og tok alt beter og beter fast. Ho bad Gud den allmaattuge hjelpa honom, men so kom det henne i Hug, at denne Aatferdi hans Tore var aa freista Vaarherre, og difyre kunde han ingi Hjelp vænta. „Berre denne eine Gongen“, bad ho, „berre denne eine Gongen lyt du hjelpa honom!“ Og ho tok kringum Hunden, som det vøre han Tore, ho vilde halda fast, rullad seg med honom burtyver Grassvorden, og det syntest henne, som Tidi vardt utan Ende.
Men daa sleit Rakken seg laus. „Vau, vau!“ go han utyver og dillad med Rova; „vau, vau!“ sagde han mot Aaslaug og sprang upp med Framlabbarne; „vau, vau!“ utyver paa nyo, — og der stakk ei raud Huva upp yver Fjelltromen — og Tore laag i Fanget hennar.
Der vardt han liggjande heile Minut, utan at nokon av deim vann mæla eit Ord; — og det, som dei sidstpaa sagde, var der inkje Vit i.
Men gamle Knut Huseby, daa han spurde detta,