52
Raad til aa koma upp, do at det sakta var so bratt, at det var med Naudi Gjeiti gjekk der; og ho plagar no ikkje vera bljug av seg i Fjellom.
Laugardagen kom, og Tore gjekk ute all Dagen. Det var nu nokot til Dag; — Soli leikad, so det spratt i Buskom, og jamt og samt haukad og lokkad det fraa Fjellet. Han sat enno utanfyre Dyri, daa det leid paa Kveld, og ei guvande Toka sleikte uppetter Liderna; han saag dit upp og det var so stilt; han saag burt i Husebygarden, — og so skauv han av Baaten og rodde ut um Tangen.
Paa Stødlen sat Aaslaug ferdug med Dagsverket sitt; ho tenkte paa, at han Tore inkje kunde koma den Kvelden, men at det fulla vilde koma dess fleire i hans Stad; daa løyste ho Buhunden og sagde ingen, kvart ho gjekk. Ho sette seg soleides, at ho kunde sjaa utyver Dalen; men der drog Toka upp, og inkje var ho god til aa sjaa dit ned helder. Ho flutte seg daa, og utan at ho rett tenkte paa di, kom ho til aa ganga mot hi Sida, og der sette ho seg til aa sjaa utyver Fjorden; det gav slik Fred, denne langa Syni utyver Vatnet.
Medan ho sat der, vard ho hugad paa aa kveda; ho tok ein Song med lange Tonar, og Ljodet gjekk so vida i kyrra Natti. Ho vilde gjerna høyra seg sjølv syngja, tok difyre til paa nyo, daa fyrsta Verset var til Endes. Men daa ho hadde sunget detta, syntest ho radt, som einkvar svarad djupt nedan. „Kjære, kvat kann detta vera“, tenkte Aaslaug, ho gjekk fram til Stupet, slog Armarne um ei grannvaksi Bjørk, som stod der og skalv utyver; — ho saag ned. Men ho saag inkjevetta; Fjorden laag still og roade seg, inkje ein Fugl strauk burtyver. Aaslaug