51
dagskvelden sleppa undan Husebyvargen og Ungarne hans, so skal Gjenta vera di!“
Tore drog seg heimatter so godt, han vann, og daa han var komen heim, lagde han seg ned. Stort Ord gjekk i Bygdi av Slagsmaalet paa Huseby; men det sagde ein og kvar: „Kvat vilde han og der.“ Ein var det, som inkje sagde so, og det var ho Aaslaug. Ho hadde væntat han so hin Laugardagskvelden, og daa ho no fekk høyra um Endelykten paa di millom Faderen og honom, sette ho seg stad og greet og sagde med seg sjølv, at „fær eg ikkje han Tore, so verd det ikkje ein glad Dag fyre meg her i Verdi“.
Tore vardt liggjande Sundagen yver, og Maandagen kjende han, at han ogso laut liggja. Tysdagen kom, og det var slik ein fin Dag. Det hadde rignat med Natti; Fjellet var ovlega grønt; Vindaugat stod opet; Ange av Lauv bar inn; Bjøllorna ljomad nedetter Fjellet, og ein haukad uppe der . . . . var det ikkje fyre di Moderi havde setet inne, so hadde han graatet.
Onsdagen kom og endaa laag han; men Torsdagen tok han til aa undrast, um han do inkje skulde kunna verda heil til Laugardags; og Fredagen var han uppe. Han hugsad seg no dei Ordi, som Faderen hadde sagt: „Kann du næste Laugardagskvelden sleppa undan Knut og Vargungarne hans, so skal Gjenta vera di“. Han saag burt i Husebygarden Gong etter Gong. „Eg fær no inkje meir en Juling“, tenkte Tore.
Upp til Husebysetri gjekk det berre ein Veg, som fyrr er sagt; men ein dugande Karl kunde sakta alltid koma upp der, um han inkje gjekk nett beine Vegen. Rodde han ut um Tangen der, og lagde aat paa hi Sida, so var det