Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Lauvduskar II.


Ei faarleg Friing.


Den Tid, ho Aaslaug vardt vaksi Gjenta, var det ikkje stor Fred aa finna paa Huseby. Der baade rivost og slogost dei gildaste Gutar i Bygdi Natt etter Natt. Verst var det Laugardagsnatti; men daa lagde han gamle Knut Huseby seg helder aldri utan i Skinnbroki og sette ein Bjørkestav fyre Sængi. „Heve eg fenget ei Gjenta, so skal eg fulla verja hena“, sagde Husebyen.

Tore Neset var berre Husmannsgut, og endaa var det dei, som sagde, at han kom oftast til Gardmannsgjenta paa Huseby. Gamle Knut likad det inkje, sagde og, det var ikkje sannt, „for han hadde aldri seet han der“. Men Folk smaalogo seg imillom og meinte, at hadde han leitat væl etter uppe i Hybylet hjaa henne Aaslaug i Staden fyre aa dragast med alle hine, som staakad fram paa Golvet, so hadde han funnet han Tore.

Vaaren kom, og ho Aaslaug drog til Stødls med Fenaden. Naar no Dagen lagde seg heit yver Dalen, Fjellet reis svalt upp yver Solrøyken, Bjøllorna sungo, Buhunden go, Aaslaug haukad og blees paa Lur uppe i Lidom, — daa fingo Gutarne Hjarteilt, der dei gingo og vinnad ned paa Vollen. Og fyrste Laugardagskvelden lagde den eine skjotare uppetter en den andre. Men endaa skjotare komo dei nedatter; for uppaa Stødlen stod ein Gut bak Selsdyri, tok imot kvar ein, som kom, og rundjulad han soleides, at han sidan stendugt mintest dei Ordi,

4