45
væl ogso einkvar, som heve mist Magti si og lotet sjaa paa, at smærre Folk hava stiget uppatter i Staden hans. — So paa Lag er det og med ei stor Æra og eit stort Ord; der sjaa me ofta Døme paa, at Mannen kann missa det lika fort, som han fær det. Naar han kan fara fint fram og vera kvars Manns Vin, so kann det væl vara ei Stund frametter; men skulde han koma til aa gera eit litet Miskast elder nøydast til aa slaa paa ein Streng, som Folk inkje likar, so er det Ende paa den Skripna, og daa kann det henda, at han fær Skam til Takk fyre alt ihop. — Nokot dilikt er det og med et stort Vit elder ein stor Kunst og Lærdom; det er helder inkje nokot til aa gjera seg til av. Vitet er ei Gaava, som Mannen inkje heve gjevet seg sjølv; og mest lika eins er det med Lærdomen og, for han kjem oftaste av eit godt Næme og godt Tilhald i Yngdi, elder i det minste av ei god Raad og Tilleiding til aa læra. Og dernæst kan ein sjaa, at Vit og Lærdom ero helder inkje alltid paalitande; for der er mange Ting i Verdi, som ero so blinde og løynde fyre Manns Augat, at den lærde stend lika fast som den ulærde: og der er so mange Tilfelle, daa ei ring og vandelaus Raad kan gjera betre Gagn, en ei som er sløg og djuptenkt. Og helder inkje vantar det Døme paa, at ogso klokaste Folket kann ganga ein galen Veg, og at ein heimalen Styving kann stella seg betre en den, som klokare skulde vera.
Alle slike Fyremuner kann ein gjerna slaa saman og kalla deim berre ei god Lukka. Vistnog er det sume av deim, som Mannen kann auka og fremda med si eigi Verksemd, men alltid er det daa so, at han treng Lukka til Verksemdi si og, um ho skal vera til nokor Hjelp. Det