39
Daa han no hadde fenget skipat til Huset atter, og
stelt det paa beste Maaten med henne og Borni, — for
han var snild og godhjartad — so tok han paa etter Minnet
aa gjera Mynsteret sitt uppatter, og han gjorde det
nye betre en det gamle. Han fann Knipet med Tanken
sin, og til Byen foor han, og synte det fram, og den
gamle Meistaren hans sagde: „Ja, ja, dette er godt og
væl, og det kan vera ein Curiositet (eit Bisn) men der er
ingen Nytten med det.“ Det var daa nog fyre honom
Olav. Det var ikkje meir han vilde. Og han fekk seg
ein Verkstad der heima paa Garden og tvo tri Læregutar,
og desse Songklokkorna, som sidan vordo kallad Aalandsklokkorna,
likad Folk so godt, at han fekk god Avsetning
paa deim, og tente upp atter sine gamle Tap. Og han
var rimeleg imot Anne atter og sagde: „Hadde ikkje ho
brent upp det gamle Mynsteret, so kanskje eg aldri hadde
utfunnet det rette Knipetaket med det. Det er fyrst naar
det leitar paa, me finna det beste.“
Aasmund Vinje.
(Or „Blandkorn“.)
Hjonlaus.
Langt upp i ei Fjellbygd der er ein Gard,
og Namnet er Hjonlaus, som jamt det var.
Og kvar ein, som Visa mi syngja vil,
han skal no faa høyra, kor det gjekk til.