Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

36

sidst. Det er nokot pinsamt, er det, aa ganga lenge trulovat.“

„Som du vil,“ svarad Anne, „og naar me leggja smaatt i Vegen, so kann det væl ikkje vera so faarlegt med det. Eg skal nok gjera lika fyre Mat og Klæde, eg og, skal du sjaa.“

„Eg heve aldri voret rædd fyre aa koma fram,“ sagde Olav; „naar Folk bruka seg, finna dei alltid ein Utveg; og det er tidt likso billigt som det er godlidande fyre Mannen aa hava seg ei Kona.“

„Ja du kan tru eg skal kara,“ sagde Anne, „og verd du liksomyket um deg som eg, so skal det inkje nauva.“

Dei gifte seg daa, og det gjekk godt nokre Aar frametter. Det var gode Aar, og det var meir Timber i Skogen en han trudde, og han ytte av Garden meir en Folk vaaro vane til det, der i Bygdi. Anne var lukkeleg til aa ala upp Buskap, og han Hestar. Og naar han bytte Hestar, so gjorde han det fyre det meste so godt, at han hadde den fjorde gilde Hesten fyre ingenting, naar han hadde bytt fjore Gonger. Naar Mannen siter paa ein stor Gard, og ikkje tarv sjaa for myket paa Fodret, so kan det endaa vera ein ærleg Handel; og det var ingen som kunde segja annat, en at Olav var ein greid Kar.

Daa han no hadde greidt det verste fyre seg og saag, at han naadde fram, so tok han til aa tenkja paa Klokka si atter. Han tok og til aa lesa meir, og alt dette gjorde, at han ikkje dreiv Garden som fyrr, men tidt gjekk i Tankar. So kunde han sitja heile Dagar med eit Klokkemynster, han sat og gjorde seg upp. So tok han det sundt og so sette det ihop atter og stelte med Spilverket.