34
Men, han likad ikkje Garving helder, og so gjekk
han inn i Urmakarlæra og var der eit Aars Tid. Han
tok seg so væl fram der, at Meistaren sagde til honom
ein Dag: „Naar du heve stadet ut Læra di, so kann det
verda myket til Mann av deg; men du maa ikkje halda
paa med denne Klokkeplanen din. Haldt deg til den jamne
praktiske Gjerning og drøym ikkje um aa faa slikei Songklokka
istand. Ho er ikkje til nokonting, og Umaken løner
seg aldri.“
So vardt han skriven ut til Soldat; og daa han var leid fyre han fekk høyra illa fyre Klokkeplanen sin, so vilde han ikkje ganga inn i „Borgarkorpset“ men „hvervde“ seg. „Det gjelder inkje uprøvat,“ sagde han, „og eg fær væl Tid til at læra nokot og finna ut det, eg er bedst lagad fyre.“
Han førde seg godt upp i „Gardisonen“, var vaken som Fuglen til si Tid, og heldt Gevær og Bajonet og Mundering og alt so blankt, at Du kunde spegla deg i det. I Handgrip og Fotslag var han som dei beste. „Du lyt standa paa Tipp og Taa og vera plent som ein Pundar, naar Du tener Kongen,“ hadde Olav lært. Og difyre vardt han og væl likad og fekk mangei Fritid til aa stella med den Songklokka, som alltid sat i Hovudet hans, og so til aa handla med eit og annat og elles tena seg ein Skilling attaat med Klokkepynting og Ærend.
Ja denne Songklokka. Det var ei Stoveklokka, som spilad ein Slaatt etter Slaget, han hadde høyrt der uppe i Bygdi si, daa han var mindre. Og detta gav honom inn den Tanken aa gjera ei, som kunde spila ein Vise- elder Salmetone. „Kvart Aar eg er heimatter høyrer eg paa denne Klokka,“ sagde han, „og det er liksom Klokke-