Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

aat stova, og setja seg roleg, til det stansa.

Soleis vart der endeleg ein liten stans paa farten hans i kveld; og best som han sat slik, kom hesten med lass og tvo menn etter framunder vindauga.

»Der er dei!«  ropa han Laurits. Han foor paa sprange ut, og fyrr Hallvard fek omraa seg til aa koma etter, høyrde han den vaksne broren snakka uti gongen. Inn kom han, høg og med skinnhua paa hovude; etter kom faren og Laurits. Morten helsa paa mori og systrarne, som sat burtved vindauga; dei baud han velkomen, og han var alt komen til aa setja seg burtved omnen — daa fyrsta fek han auga paa Hallvard, som kika fram or omnkroi.

»Nei sjaa . . er det Hallvard? Er du komen so radt i kroi i kveld?« sa han og lo. Dei andre lo og, sonære som Hallvard; han slog augo ned,