ikkje inn paa nokon gard. Der kunde ikkje vera tvil.
Han kunde ikkje venta paa skjotararne lenger. Han foor i ein fjukande fart heimyver for aa fortelja, kva han hadde set.
Ho mor var uti kjøken og stellte med eitkvart, daa han ropa andpusten inn. Ja ja, — det var vel so, sa ho. Men kunde han ikkje ha tid til aa bera eit fong ved inn aat omnen fyrr dei kom? sa ho. Dei hadde so mykje aa gjera, ho og gjentorne.
Hallvard saag nettupp 'tenestegutarne og Jørn og Andres koma med børsor, so han i grunnen hadde skam liti tid han og. Men um jolaftan kunde han no ikkje forvel seia nei helder. Han sette avstad aat vedskjole i ein skrubbfart. Men no er det ikkje altid sagt, at skrubbfart er den beste maaten aa koma fram paa. Han snofla i koll i dørstokken og slog seg naseblod. Greet? Aa langt ifraa ikkje — i kveld. Men det var so mykje, at han laut inn