Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

jol. Og ein aat han Laurits, litlebroren og, forstend seg. Ho mor hadde des- utan nemt det i siste breve til han, so han sikkert kom med dei no. Korleis tru han var, soldateren — ja begge?

Dette hadde han undra seg paa i vikevis, og han Laurits med. Stundom hadde dei trutt, at dei hadde sablar liksom den morske Napoleon paa buda- veggen, stundom ikkje sablar. Stundom at dei saag ut liksom dei tyske soldatararne paa veggen burti grannestova — stundom hadde dei snupt ikkje visst, kva dei skulde tru. Men no nerma den store vissa seg! Alt det andre gilde til jol var ikkje aa rekna mot dette, lell.

Og det hadde han framum baade Jørn og Andres. Dei hadde kje nokon bror i vente, dei. Du, dei sku verta forbina, daa dei i morgon fek sjaa soldateren — ja Laurits sin og.

Det gjek seinare med kjøyraren dernede, etter han var komen av isen. Men det bar uppyver, uppyver — krøkte