dette — at det var gjenge so heilt onnorleis, enn han hadde tenkt?
Han gjek seinare og seinare, sette seg sistpaa paa vegkanten.
Korleis det hadde seg ja . . So lengje ulukka heldt paa, hadde han. skulda det paa baade det eine og det andre — at dei var so vonde mot han, at alt gjek so vrangt. Men i gaar og i dag, daa det var kome i det gamle gjenge att og han kunde sjaa med meir ro attende paa alt, var det teke til aa sjaa heilt onnorleis ut. Hadde dei andre ikkje vore som dei skulde, so kom det seg altid av, at han sjølv var furten og vond fyrst; og furten og vond var han av skam yver det han hadde gjort um jolekvelden. Det hadde drege alt hitt etter seg. Og kunde han ikkje ha sleppe alt, um han hadde vore varare um seg daa — passa seg for den vesle tingen? . .
Han sat med hovude mot henderne og grunna. Den tunge, ubrigde-