leggja seg. — Daa kjyrkjefolki kom heim laag han endaa.
Um fjerdedag jol gjek der ein gut nedetter vegen fraa Skartveit. Det var han Hallvard. Han skulde gaa eit erind ned til ein av grannegardarne og hadde lova aa vera snar. Men daa han kom ned i kleivarne, gjek det ikkje so Han var komen so i tansnart, lell. kar. Han hadde ikkje gjenge her no sidan den kvelden dei var fri skulen fyre jol, og han var komen til aa hugsa so livande, kor gildt det var daa; korleis dei gledde seg til jol og snakka um alt dei skulde finna paa i helgi. No var jola komi og gjengi — og kva var det no vorte av alt det han gledde seg til? I staden for gleda var det vorte berre sorg og motgang, so han visst aldri hadde vore verre uti det, korkje i helg elder vyrka.
Men korleis kunde det ha seg