seg med aa aka uppi bakkarne, og fann sidan ei av skildribøkerne hans. Morten og saag i. Men det var ingi hugna i noko. Kva han foor med, so kunde han ikkje tenkja paa anna enn dei saare hendingarne i gaar, og so kor gildt dei no hadde det, som var til kjyrkje. Kjøyra paa isen i fjukande fart, faa sjaa presten og alt . . gaa kjyrkjeklædde og kjøpa kringlor og sukkerkavring hjaa bakaren . .
Han sette seg sistpaa burtved omnen til aa stura, nidstura og visste ingen verdsens skapte ting aa finna paa. Kunde ikkje eingong finna hugna i den gode maten ho mor hadde laga til aat han for i dag, elder gaa burt til henne bestemor sidan det i gaar. Det var ein lang dag i gaar, daa det hende so mykje; men dette var ikkje eit haar betre, daa ingenting hende. Han vart so leid og modlaus, at han sistpaa tok til aa sutra og graata. So fek han vondt i hovude att som i morgon og laut