var til kjyrkjeferdi i dag han hadde gleda seg so — og til aa faa kjøyra seg med han Morten. .! Han berre smilte saart ved tanken paa alt. Han Morten og alle dei andre i huse, so nære som han og Randi, yngste systeri, var kjøyrde til kjyrkje trast i morgon. Ho mor hadde plent vilja, at han og sku' vera med; men han hadde klaga seg sjuk og berre breidt seg ned. Der fanst ikkje gleda i aa vera med etter det som var hendt i gaar. Det var desutan sant, at han ikkje var frisk; hadde vondt i hovude sidan i gaarkveld.
No var klokka yver ti, og han maatte endeleg upp. Bleik og sturen gjek han sidan ut og inn. Ho Randi var fyrst lengje i fjose og gjek sidan burt aat grannestova, so han var radt aaleine i huse. Ute var helder ikkje nokon aa sjaa. Jørn og Andres og mest alle burti hi stova var til kjyrkje. — Han freista eit bil aa moroa