Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

klokka pikka paa veggen, og av og til lyddest der tung pusting burti omnekroi — der sat han Hallvard liten og samanbøygd endaa.

Han hadde set ungdomen fara nedyver med staak og gleda. No aka og moroa dei seg vel i bakkarne dernede; elder kanskje dei var gjengne inn einkvar staden og heldt jolemoro, medan han . . . Graaten kjøvde i halsen. endaa; men han laut halda seg for faren. Han fek ikkje ein gong gaa ut og vera for seg sjølv. Han hadde prøvt eit par gonger; men han far hadde trøtt i golve og sagt han sku' vera inne. Det var ein kveld so lang som eit aar. Han hadde sistpaa somna paa krakken, daa han Morten og dei andre kom att.

Morgonen etter, andre joledagen, var Hallvard fælande seint uppe. Det