Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

var ute. Det hjelpte ikkje, at det var jol: han Hallvard hadde fengje ris. Han Guri-Nils, stakkar, var slegen, so han hadde lote gaa heim og leggja seg; og endaa var det godt, at det ikkje var verre. Slik vondskap og utoeskap hadde dei aldri set maken til fyrr.

Joledagskvelden var komen med blankt maaneskin, ljos og fin. Smaa- gutarne var trast komne ut og hadde byrja med moro i brauterne att. Sidan var dei vaksne gutarne og gjentorne og gjengne ut, og allesaman, store og smaa, var aka paa kjelkar og ski nedetter vegjerne. Der trefte dei ungdomen fraa grannegardarne og kom ikkje upp att framyver heile kvelden.

Han Morten var og gjengen og hadde teke han Laurits med. Ho mor var gjengi burtaat bestemorstova og vart der lengje. Han far sat ved borde og les, og der var stillt i stova. Berre