Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

for dei aa koma heim og faa jolemat. Han kraup burt i kroi att og vart sitjande som naamen. Han kunde kje graata lenger. Ikkje helder kunde han tenkja klaart lenger elder skyna, korleis alt dette var gjenge til. Det var berre som um alt hadde svore seg saman mot han; som noko vondt forfylgde han. Han fraus, so han valna; men det fek ikkje hjelpa; han laut berga seg so lengje han kunde.

Best som det var høyrde han snakking att og kika ut ei rivna — far og Morten kom og fylgde farvegen etter han!

Faivegen — det hadde han ikkje hugsa! I vill rædsla vilde han krjupa bakum belgen; men i det same vart døri slegi upp og han vart sedd. Han slengde seg beint ned og skreik.

— — Ein halv times tid etter sat han heime i omnekroi og higstegret laagt og saart; ho mor gret og; han far dreiv paa golve, og alle dei andre