Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

som herfraa og aat smidja der!« skraala han Jørn og briska seg med eit blankt klokkekjed av nysylv, som han hadde fengje seg til jol.

Men kva var det so? ropa dei tvo smaa forvitne og mest skræmde.

»Ein hare!« ropa heile flokken. Dei fek auga paa han burtpaa ein haug, medan dei sat i Ørnafjellsloda. Og tenk, der stod han radt til dei sette i aa huja og remja allesaman! — Dei lo og snakka i munnen paa einannen; kunde kje staa rolege av berre kjæta.

Men kor i alverdi var det vorte av han Hallvard, som ikkje vilde vera med? spurde ein sistpaa. Han Laurits hengde med hovude og sa' eitkvart, som Hallvard ikkje kunde høyra. So bar det heimyver med heile flokken.

Liten og still stod Hallvard etter i smidja. Det var som han fyrst no saag heilt ut, kor usæl han var — no daa han hadde set alle dei andre so glade og tenkte paa, kor gildt det var