Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

nom gluggen ved sida av døri; — det var berre han Laurits og ein liten gut utanfraa grannegarden. Dei stod med kjelkarne sine i brauti burtpaa bakkebrote og saag nok ikkje etter honom. Dei hauka til einkvar lenger uppe. Aa, no saag han det. Langt uppi bak- karne kom der ei lang rekkja av kjelkeakarar i ylande fart — gutarne, som kom heim fraa Ørnafjelle. Dei svinga med huerne, han høyrde rop og hauing. Paa flaterne burtanfor smidja stansa kjelkarne, og so kom dei springande burtyver til dei tvo paa bakkebrote.

»Hurra gutar!« skraala han Jørn.

»Du spikk og hendelse!« ropa ein annan.

»Me saag . .« byrja han Jørn att, men var so andpusten, at han svelgde resten.

»Eg saag han fyrst! eg vart mest rædd!« ropa ein av dei minste i flokken.

»Ræddaa haa-haai, sa'n! Eg skulde gjerne ha gjenge so nære han