Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

av gamle askestuvar og store steinar. Han foor uppyver og var sovidt komen i skjol attum den fyrste stuven, daa han høyrde faren ropa med skakande mæle nedved loda. Gud trøyste . . no vart det nok ikkje berre snakk um ris lenger! Han skolv som eit ospelauv og vaaga snaudt aa anda.

Um eit bil høyrde han faren ropa att, men denne gongen nede paa den andre sida av løda. Han kraup paa alle fire uppetter millom stuv og stein for aa gjøyma seg betre; men ingen stad kjende han seg trygg endaa. Han sprong sistpaa radt uppum haugarne aat den gamle smidja, stengde dori vel etter seg og sette seg i ei myrk kro. Han skolv i knei endaa, men ikkje fullt so mykje no. Det var liksom myrkre gav eitslags trygd.

Han visste kje sjølv, kor lengje han kunde ha sote soleis, daa han med eit høyrde rop utanfor. Han spratt upp som brend av eld og kika ut gje-