han blaa i andlite og blode sila fraa nos og skalle. I det same fek han endeleg fram eit skjerande skrik, reiste paa seg og hinka ned-um stabure. Laurits skreik mest likso høgt av rædsla og fylgde etter ned aat beste- morsdøri.
Som klumsa stod Hallvard etter.. Kva hadde han gjort..! I ein augneblink hadde sinne lagt seg, og ei iskald rædsla foor gjenom han. Han hadde slettikkje meint det so ille; men no var det gjort.
Dei snakka høgt nedved døri, medan guten heldt paa og ylte. Far og Morten var og komne der, lyddest det. Dette liksom vekte honom; han rømde paa live laust burtum løda og gjøymde seg; — daa ropa dei paa han ovanfor stabure og kunde snart koma her og. Han tenkte fyrst paa aa krjupa inn i eit lite hol under veggen, men fek so auga paa ein betre utveg. Ovanfor løda var der ein liten dal full