deg fraa det som ein ræv? Kanskje fate stod i vegen for deg?" sa ho bestemor sinna. So gjek ho utan eit ord meir.
Blaasande av sinne hadde Hallvard reist seg upp or snøen. I all motgongen hadde han endaa havt som ei von til henne bestemor. Ho hadde so ofta vore snild, naar alle andre var vonde, og han hadde so smaatt tenkt. aa gaa inn til henne og vera der resten av dagen. Men no var det vænt aa koma der, med! Og alt det kunne han ha sloppe, hadde ikkje den rakkars Guri-Nilsen . .!
Han foor fram med knytt næve. »Kva vilde du her, din rakkje? Eg skal læra deg aa nasa etter folk fleire gonger eg!« frøste han. Han treiv gutungen i nakken og hivde han i blindt sinne yver ende, so han støytte med andlite beint burt i ein av staburstolparne. Der vart han liggjande daudstill, til han Laurits vart rædd og lyfte paa hovude hans; — daa var