radt til yver nyaar eit bil. Dei hadde. kje eingong fengje leksor, som var til aa snakka um. Berre ein snupp av sentenserne. Og so hadde dei fengje steikt kvar si fin rund jolekaka i bakaromnen
— attaat all den andre gode jolematen.
Det var uraad — dei kunde ikkje staa rolege elder tia still ein einaste augneblink, daa dei tenkte paa alt dette.
Men tru dei ikkje snart vilde byrja med joleskjotingi heruppe og no? Torbjørn og Svein, tenestegutarne, hadde so vist lova aa koma her med børsorne; men dei var endaa ikkje aa sjaa.
Sku' dei springa heim aa sjaa, kva dei hika etter, dei sein-krakkarne? ropa han Jørn.
»Dei alverdsens sein-krakkarne!« sa han Andres, likso karslegt.
»Dei skarve-krakkarne!« sa han Jørn. Dei var brør, Jørn og Andres, og høyrde til i nedre-stova, medan Hallvard var fraa ovste-stova. — Dei sette avstad, dei tvo; men han Hallvard vart stan-