i halvblindo, rende han mot noko burtved bestemorstova og datt paa bakenden i den steinharde brauti. Aa faa ein slikt rist i ein augneblink som denne — det var formykje. Som ein elding spratt han upp att, sette ut ein eid og sparka glo-sinna til det, som hadde sta' i vegen — det var ein steinfat, som ho bestemor hadde sett ut med mat aat hønsi i. Men dette sparke kunde godt ha hjelpt med minder — fate spratt yver ende mot stoveveggen og slog seg i tjuge stykkje! Skræmd saag han attende, um ho mor hadde set det. Nei, ho var gjengi inn i løda; men i same blinken høyrde han einkvar ta i klinka paa innsida av bakdøri tet ved. Som ein ræv rømde han burtum det næraste huse, stabure, og nettupp som han var komen i skjol, høyrde han eit argt utrop fraa henne bestemor. I det same høyrde han fleire og koma ut, og der vart spurlag etter, kven som hadde gjort det.
Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/49
Utseende