Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

visste ingen annen verdsens ting aa ta seg til helder. Han sparka etter katten innunder omnen, so han spratt paa berre live inn under sengi. So fann han treskorne sine, gjek lamrande og seint utetter dørerne, slog dei hardt att etter seg og seig burtetter tune.

Ho mor kom daa ut i laavedøri. »Gaa no og ver med henne Marta og ber vatn aat fjose, so ho kan vera fri i kveld. Lat meg no sjaa du er snild, Hallvard« sa ho blidt.

Hallvard blees i nosi. No visste han daa i minsto ein ting aa gjera — det var aa ikkje bera vatn. Han sagde høgt nei; og for aa sleppa aa høyra meir um dette eingong gjek han beint fraa henne burtyver tune, burt mot stova hennar bestemor. Han var ikkje god i hovude og augo etter all graaten og dumba burti fjoshalmen. Det verkte og stakk no han var komen ut i solglime. Han laut halda augo mest att, og best som han gjek slik aa skjeggla