Og i staden for aa svelta seg ihel maatte han fint setja seg til bords og eta til middags; dei andre hadde ete. fyrr. Han fek ikkje eingong hemna seg paa allesaman ved aa syna eit vrangt andlit og sure minor; for far og Morten og Laurits var gjengne ut, og ho mor stulla uti kjøken. Han laut skjekkja og vera sur for berre veggjerne. Det var so mykje vrangskap paa ein gong dette, at han beint fram tenkte paa aa ikkje røra maten. Men so uppdaga han, at han var svolten, so der var ikkje onnor fura enn aa eta, helder. Han fek svelta seg sidan, naar dei andre saag det.
Eit bil etter var ho mor gjengi aat fjose att, og han stod innved omnen. Ho hadde snakka for han og, daa ho var inne og tok av borde; men han var for arg til aa bry seg um noko. Det dugde kje aa gjøyma seg att no, etter det var gjenge so vrangt, og han