Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Med eit skræmt rop foor ho attende, og med eit likso høgt rop foor han Hallvard upp. Ho hadde trøtt midttandes burt paa magen hans.

»Gu' bevars. . er det du, som ligg her?« ropa ho.

»Haldt kjeften din. . kunde du ikkje helde nosi di herfraa!« kvesste han og foor lynande sinna ut gjenom døri for aa gjøyma seg att. Men der rende han lukt mot henne mor, som ogso kom og vilde aat fjose; og etter honom kom ho Marta halande og fortalde, kor han hadde lege.

Der vart eit fælande uppstyr att, og ho mor var reint forstøkkt. Her hadde dei gjenge og trutt han var stroken tilfjells med hine gutarne, og so koma her som eit skræmsle! Ho hadde bedt for han i gaarkveld og i dag, daa dei snakka um ris; men no trudde ho rise snart laut til, ho med — sa ho. Han maatte fint vera med inn aat stova og byta um trøya og vaska seg.