Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Der var stillt, i fjose, stillt, stillt. Berre kjyrne pusta og jorta. Han fek endaa som ei kjensla av graat, naar han hugsa fjellferdi; men han skaut det svint burt og tenkte berre paa, kor dei skulde verta forbina, naar dei aldri meir fann han att. Det var som ei trøyst i desse hemntankarne. — Han laag godt i halmen og var so tung i hovude etter all graaten. Tilslutt tenkte han paa ingenting, høyrde berre ein lang, lang sus for øyro.

Med eit var det vorte so underleg ljost uppyver han. Der var kome einkvar aat fjose, og døri munde staa uppe. Det var ho Marta, lyddest det; systeri. Han laag still som ei mus under halmen. Ho smaasong og sulla, gav kjyrne vondlar, og kom sistpaa burt til litle-stuten, som stod nærast Hallvard. »Nei vesle tuten, kor du hev skitna i baasen din! sa ho. »Me fær breida under deg, stuten vaal!« sa ho og greip etter noko halm i den tome baasen.