Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

med. Men kva vilde dei seia, naar han kom der forgreten og fæl og i kvardagstrøya? Og kva gleda elder hugna var der i nokoslag for honom, som var utskot og utjagd i jola? Furteskapen og modløysa seig blytung yver han att. Han høyrde dei tilslutt fara uppetter bakkarne. Men daa det siste ljom døydde burt langt uppe, var det som der brast noko i han. Han sette i ein vill higstegraat og slengde seg beint ned.

Daa graaten langt um lengje stagga att visste han paa nytt lag, kva han vilde. Det var for varmt til aa frosa ihel her; men so sku' han vita onnor raad, han. Han smaug upp i ein liten baas bakum alle kjyrne. Der var kolande myrkt og fullt av halmrusk og bos, som han breidde vel attyver seg. Her kom nok ingen paa aa leita etter han, og no vilde han liggja her, til han svalt ihel — liggja her, so dei aldri meir fann han. Han lova dette med samanbitne tenner.