seg i veg, stengde fjosdøri vel etter seg og sette seg i ein tom baas.
Det leid til middags. Jørn og Andres og gutarne fraa ytre-Skartveit hadde moroa seg uppi bakkarne og vore heime mange gonger. Dei kunde kje skyna seg paa han Hallvard i dag, som ikkje kom ut og var med; men dei hadde kje regtig vaaga aa gaa inn og spyrja etter han helder, sidan det var joledag. Tilslutt fek dei fat i han Torbjørn til aa gaa etter han; men daa var han ikkje aa finna inne nokon stad helder. Han hadde kje set han paa eit heilt bil, sa han Torbjorn. Dei tok sistpaa til aa leita og ropa etter han kringum i uthusi; for no var dei ferduge til eit jolemoro, som han plent maatte vera med paa.
Uppetter bakkarne radt aat Ornafjelle var der fin snøbraut, sidan dei kjøyrde heim høy fyrr um dagarne, og no vilde dei gaa derupp og aka heim