Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

song etter; og so kom han utum dori i ein fart.

»Staa no der, til du hev ylt ilska av deg!«  — Hikstande og med kryl paa rygg smaug Hallvard burt millom husi, inn i vedskjole. Der slengde han spøner og seg ned i ein dunge med gav seg til aa sinnegraata, til han vart radt haas.

Jagd ut um sjølve joledagsmorgonen hivd ut som ein hund. . uh hu! Og kva vondt hadde han gjort dag? Ingenting hadde han gjort — dei byrja med vondt, daa han gjek der og tenkte berre det beste. Men han skyna det altsaman no. . alt! Dei hata og vanvyrde han allesaman og ynskte aa verta kvitt han, medan dei sjølve hadde det gildt og godt — det var det dei vilde! Men vilde dei verta kvitt han, so skulde dei ogso faa det! No visste han, kva han vilde. Han vilde liggja her, til han fraus ihel. So kunde dei jaga han ut og vanvyrda