og der byrja dei alt aa skjota inn jola. Der kom som spruter av eld og glod
— so var det daudstillt eit lil — so byrja det aa dura og rulla i alle fjelli dalen rundt, til det døydde av langt, langt burti Lidfjelli. Hurra —! Dei tri gutarne, Hallvard, Jørn og Andres, hoppa ende upp og skraala for kvart skote, svinga med toppluerne sine.
Og slik ei god jol som det teikna til og i aar! Himlen var klaar og blank, so ein snaudt kunde sjaa ein skyfloke. I alle vegjer var der fine snøbrauter, so ein gjerne kunde aka paa kjelke radt herfraa og ned aat vatne; og so var det maaneskin um kveldarne og mest likso ljost som um dagare. Var ikkje dette gode jolemerkje, so var det aldri verdt aa tru paa jolemerkje meir.
Umframt alt dette hadde Hallvard, Jørn og Andres fengje seg nye blaa bukser og huer til jol og nye gule, fine huskor Og so var dei fri skulen no