Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


»Vil du no gjera som mor di seier og vera skikkeleg ?«

Hallvard vreid paa seg, og der lyddest tilslutt eit vrangt nei.

»Seier du nei? Skal me ha skam av deg i dag og etter aatferdi di i gaarkveld? spurde han far og tok og drog han fram paa golve. Hallvard sette i eit sinna yl, og baud han aa tia, ylte han verre. Dei skyna seg kje daa han far berre endaa paa guten. Ho mor bad faren lata vera. han solengje; men han var harm paa ei slik furting og yling for inkjevetta og trudde det var berre ris som vanta, lell. Elder dei fek i minsto jaga han ut, til han hadde kjølt av seg det stygge sinne, sa han. »Høyrer du det, Hallvard ?«

Hallvard høyrde det nok, men brydde seg endaa ikkje um aa tia — sparka og spennte burt i ein stolfot attaat.

Daa vart han far skikkeleg vond. Hallvard fek eit slag under øyra, so det