»Lat vera meg! Eg vil ikkje ha den filletrøya!« kvesste han sleit seg laus.
Nettupp i same blinken hadde han Laurits funne eit overhendligt gildt skildri i boki. Han storlo, klappa i henderne, drog i han Morten av berre fagna og gaadde ingenting til, kva dei sagde burtved omnen. Dette kveikte med eit harmen i ljos loge hjå kan Hallvard. Han snudde seg mot mori med eldraudt andlit.
»Lat han Laurits fra trøya . . lat den kjælungen faa alt!« frøste han. Og som for aa gjeva ordi endaa meir vigt sparka han til ein tresko attunder omnen, so det klang etter.
Morten og Laurits snudde seg forstøkte, og han far, som sat innar i stova og les i ei bok, sprang upp.
»Kva er dette? Byrjar du soleis i dag og?« ropa han kom burt aat omnen. Hallvard berre snudde seg til veggjar att og murtagde.