var han Laurits, som sku' ha det! Det var han som sku' ha det gildt paa alle maatar! — Han snudde seg bøsen og raud fraa dei att.
Litt etter kom ho mor inn med eit fong ved aat omnen og bad han flytta seg; ho vilde leggja det der.. Han rikka seg ikkje. Ho bad upp att, men like lite hjelpte det.
»Og eg tykkjer du hev teke paa deg kvardagstrøya og?« spurde ho forbina.
Han svara berre med eit murr nedi halsen.
»Er du stygg. Me hev no vel ikkje sagt noko leidt med deg i dag, veit eg?« Han stakk berre aalbogarne ut som sylar. Ho lagde veden stillt ned og fann den nye trøya hans.
»Kom no og ta paa deg denne og ver fin gut; og so gjeng du kanskje ut aat vedskjole etter kveiksle aat meg, du.« Ho tok blidt i han og vilde dra han fram. Men dette var meir enn han tolde.