Han var vorten so kjøvande heit att. »I kuff . . kuff. .« susa det for øyro hans endaa; men ti gonger heitare brende den kaldsmilen hans Morten og vekte ein vond, vond tanke. Han hadde kanskje teke heilt i mist av broren, daa han trudde han var so snild og kunde gløyma so snart. Han vanvyrde honom kanskje berre so djupt, at han letst som han ikkje brydde seg . . !
Furteskap, skjemsla og modløysa lagde seg yver han att, so han krøktest i ryggen. Og innunder furteskapen tok der til aa kveikjast argskap — argskap yver, at han aldri sku' verta kvitt dette. Syne av han Laurits, som sat der so glad og sæl, nørde ogso til. Og kvifor kunde han ikkje helde kjeft, den ungen, no ein gong? Han skjeggla etter litlebroren og uppdaga so endaa ein ting aa bosa seg upp paa. Han Laurits sat med eit nytt fint skjerf um halsen; men han sjølv — han hadde ikkje fengje noko nytt skjerf. Aa nei, det