Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


— Der var snakking og gaman ved borde. Morten fortalde allslags sogor fraa skulen og der andre spurde og lo. byen, og de Hallvard saag i byrjingi berre nedfor seg som i gaarkveld; men litt etter litt tok han mod til seg og kika upp, helst paa han Morten.

Han saag ikkje det slag vond ut, broren. Han smilte endaa til honom ein gong han trefte til aa sjaa den vegen Og dei andre — ingenting sers aa sjaa paa dei helder. dei saag berre bilde ut. Han anda ein grand lettare. Kven visste, kanskje dei alt byrja aa gløyma det, liksom so mange uver fyrr? Og kanskje det ikkje var radt so ille som han trudde helder? Um det daa l unde verta litt glede i jola, lell . . .! I minsto i morgo, daa dei skulde til kyrkje. — Han tok til aa kjenna ei vaknande sæl von, og denne gjorde honom so underleg mild og full av alt som godt var. Han lova med seg