Joledagsmorgonen rann upp klaar og still. Der var kvitt rim paa skogen, og paa glasrutorne hadde der lagt seg som ein skog av isblomar og islauv — fine som livande vokstrar.
Kvinfolki hadde alt vore uppe eit heilt bil og stulla ute og inne.. Morten og Laurits var og uppe, og han Laurits var komen til aa læ høgt av gleda att. Han Morten var komen inn med ein pose med noko i, som var betre enn skildribøker og alt det var dei steinty-mennerne han og Hallvard hadde fengje lov paa. Kvite og raude med svarte augo . . aa, aa! Dei skulde havt dei i gaarkveld; men det var ikkje vorte for den uheppa.
Den einaste som ikkje var uppe var han Hallvard. Han laag med andlite mot veggen og sov, og slik vart han liggjande, til han Laurits sistpaa gjekk burt og ruska i han. Han maatte no vel upp og sjaa den nye mannen sin, han og, ein gong!