Denne siden er ikke korrekturlest
Frampaa ein haug uppyver grendi stod tri smaagutar og huja, song og saag nedyver. Dei høyrde heime paa den øvste garden i grannelage, Skartveit. Garden laag uppfor ein haug, so ein ingen stad kunde sjaa; men herfraa kunde ein sjaa heile grendi, vatne nedanfor og langt, langt nedetter dalen mest aat kyrkja. Og i kveld var der no noko aa sjaa etter og. Det var sjølve jolekvelden. Nedetter alle gardaine hadde dei hengt kornband aat fuglarne paa høge staurar; upp og ned paa alle vegjer og paa det islagde vatne foor der kjøyrarar i fjukande fart; smaaungar tulla som svarte nøster millom husi nedpaa gardarne; hjaa skulemeistaren nedpaa Moen blakra eit flagg, og her