av aa tia. Han fann ei skildribok hans Morten, og dei tvo var snart komne upp i aa prata og læ høgt. Sidan var far og mor og komne med í godprate, og ingen nemde den usæle hendingi meir. Men han Hallvard vaaga endaa snaudt aa røyva ein fing, langt minder aa sjaa fram. Han sat med uppbollna andlit og med augo som nagla i golve.
Nære ved aa faa ris um sjølve jolekvelden! Det var so fælt, at det var mest ikkje til aa tru. Men verst av alt — ti gonger verre enn alt, var det, at han Morten og hadde set alt dette. Han hadde blygst berre for aa snakka til han, og so sku' han sjaa sovore! Det hita uppetter kinni. flama og brann av skjemsla endaa. Aa. han kom aldri til aa kunna sjaa broren i augo meir — han kom aldri til aa kunna sjaa paa nokon. Det vart aldri gildt meir — korkje i denne jola elder nokon gong. Det tok til aa rykkja