Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

deg paa sjølve jolekvelden? — gaa etter eit ris, Torbjørn!« ropa han og lyfte guten upp. Men daa trodde han Morten fram og bad honom lata vera med det. Det var no ikkje med vilje gjort, sa han, og so var det jol og. Ho mor sa det same, sidan det var jol. Daa slepte faren honom — for denne gangen, sa han. Men provde han paa slikt ein gong til!

Dei gjek inn att. Hallvard vilde smjuga ut og gjoyma seg av; men han far treiv han i armen og sette han paa ein krakk i omnskroi, so det sokk etter. Han gret endaa, so bryste vilde sprengjast; men so trødde han far i golve. og baud han tia, og han laut lyda, sovidt han orka. — —

En times tid etter sat Hallvard endaa i omnskroi med ryggen mot dei andre. Det hadde vore kalleg stillt og uhuglegt i stova eit heilt bil etter uppstyre; men no var det kome i godt. gjenge att. Han Laurits vart fyrst leid