Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

stakkar, naar han hev vore ute!" sa ho mor.

Han var iminsto inne, daa dei gjek ut, sa han far, og underleg hadde han vore heile kvelden.

Han tok og drog honom fram i ljose.

Hallvard orka ingenting aa seia lenger. Det susa for øyro hans, dirra for augo. Han kjende det nytta kje aa kava imot lenger, og aa staa slik var verre enn det verste. Han sette i aa tuta og higsta. Men han vilde kje gjort det — uhu, uhu! — vilde berre sjaa, um der var soldaterar og kom so i skade — uhu—u—u! Han hivde seg radt ned paa golve.

Der vart eit heilt uppstyr. Gjentorne og Torbjørn kom farande fraa kjøken; han Laurits gjøymde seg vit- skræmd under troppi; mor og Morten var reint forstøkte; men han far var raud av sinne.

»Er det slikt me skal høyra um