Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


»Men tru det ikkje kan ha vore, daa me sette kufferten inn her?« sa han far forbina.

»Nei — flaskorne var alle heile, daa eg tok upp klædi i kveld, sa han Morten — han var bleik.

Men kunde ein ikkje ha flutt paa 'n sidan og støytt for hardt eikorleis? Sidan? han hadde sta' heilt urørd sidan. Og so saag det ut til, at bøkerne her ogso var medruska sidan i kveld, sa han Morten laagt.

Nei, det maatte vera einkvar, som hadde vore nedi! sa ho mor; — det lyddest som dei alt hadde snakka lengje um dette.

Ja, han kunde kje godt skyna anna. Men det var underlegt det og, sa han Morten.

For kven i verdi —? sa ho mor. Han Torbjørn var kanskje sli etter brennevin, der det fanst; men han hadde vore burti fjose og ute mest heile tidi . .