dei visste daa for alt vondt, at han hadde ..
Endeleg tok det til aa rusla uti gongen att; — so kom han Morten i døri og bad henne mor koma ut litt. Ho gjek, og trast byrja der ei svær snakking og klaging: aa nei, aa nei daa!
Kva var det? — han Laurits foor ut og so han far og. Systrarne og Torbjørn var uti kjøken, so Hallvard vart standande radt aaleine etter. Uff kva sa dei? ... ja, men naar han hadde vore ute heile tidi! Han prøvde aa gjera seg arg og knytte næven.
Men der fek han ein uhugleg tanke: det saag kanskje mistenkjelegt ut, at han stod slik og skulka og ikkje kom ut og saag! Han tok seg svint. saman og smaug ut.
Han Morten laag paa kne framfor kufferten med eit ljos. Og skaden var nok ikkje so liten. Paa ein stol laag nokre fine boker, som det var kome kallege flekkar paa.