nettupp i same stundi — gudhjelpe oss for vrangskap! — i same stundi hadde han Laurits hugsa det. Han kom burt og kviskra til henne mor, um broren var komen med noko fint til jol.
»Me fær no sjaa!« kviskra ho attende og smilte til dei beggje. Laurits lo sjæleglad, hoppa upp. Hallvard stræva og med aa sjaa glad ut, men kjende sjølv, kor vesalt han fek det til. Gjev han helder aldri i sit liv hadde fengje lov paa nokon soldat — aldri!
Faren og Morten hadde sote og røda um altslag; men no skyna nok han Morten og kviskringi. Han smilte til Laurits og gjek ut i gongen.
Hallvard byrja aa kjenna som vatn i knei. Men kva var dette for krjupeskap — dei hadde daa set, at han var ute! Han beit saman tennerne og gjorde seg hard. No knirka laase derute . . So var der stillt lengje, lengje . . vitlaust lengje. Hallvard fek slik ei vond kjøva for bryste. Men