komi att, um han hadde vore ute aldri so mykje. Det var so underlegt so lengje det var i vente. Og at det var i vente endaa, var snart aa skyna. Ingen nemde eit bidugt ord um nokor ulukka; og hadde han Morten vore i kuffferten, so maatte han vel ha kome inn med soldaterarne; men dei var ikkje aa sjaa. Han vaaga ikkje aa sjaa broren i augo for aldri det.
Ho mor var komi med vatn og hjelpte han til aa vaska seg og byta klæde som altid um jolekvelden. Det sveid som eld og verkte i fingretopparne, etterkvart som dei tina upp; men han brydde seg um ingenting. Han leet mori stella som ho vilde og murtagde.
Men kanskje dei usæle jolegaavorne kunde verta gøymde til i morgon, og ulukka helder ikkje verta sedd fyrr daa? Han tok radt til aa vona paa dette og kjende seg mykje lettare att; for daa kunde han vera ute. Men