Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


»Kor hev du vore so lengje?« spurde mori.

Hallvard fortalde lygni um akingi uppi bakkarne med laagt mæle og smaug burtaat omnen.

»Du er so bleik, tykkjer eg; kanskje jolebukken og nissen hev skræmt deg? spurde han Morten og lo.

»Stakkars Hallvard, du skulde ikkje vera ute so lengje; men verm deg no, so skal du faa byta um klædi,« sa ho mor blidt. Ho hadde just klædt paa han Laurits, og han foor glad og hoppande burtyver golve. Han hadde ei ny hua, som han var so fælande glad i. Han synte henne til alle, hivde henne under lofte og tok henne att. Dette vilde han ha Hallvard og med paa; men han vart sitjande der han sat, liten og still. Han hadde venta so lengje som raad var deruppe og tilslutt kjent seg mest fulltrygg. Men daa han kom inn i det blanke ljose og saag broren — uroi i kneledarne var