Huff . . godt at han kom so vel fraa dette! Han pusta ut og gjek att og fram. Der var ikkje folk aa sjaa nokon stad, og det lika han best og.
Ja men var det no so full-trygt likevel? — Um dei no skulde koma til aa undrast, spyrja —? Det var ikkje so lett aa vera fulltrygg for sovore. —
Han stræva alt han orka med aa jaga otten burt, men kunde endaa ikkje faa fraa seg ein vond agg for bryste. Maanen skjein fint og blankt uppetter alle bakkarne og fjelli; men han saag det snaudt. Og den rare soldaten og joli, altsaman var bleikna reint burt for denne usæle flaska. At han ikkje hadde passa seg — passa seg for heile kuf- ferten! Hadde det ikkje skilt plent det same, um han hadde late venta litt etter denne jolegaava? — —
Graaten vilde upp i halsen, men han svelgde 'n med magt. Naar det ikkje var spelegt — —!