Hopp til innhold

Side:Løland - Kor vart det av jola?.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

ingen. Der var daudstillt utanfor, og daa han gjek burt i vindauga, var der ingen aa sjaa helder. Det hadde kanskje berre vore hunden, som tasla fram-um; elder kanskje berre noko han hadde tenkt og inbilla seg? Han vart standande og berre svelgde eit bil; so fek han ein bergande tanke. Korleis kunde dei vita, at plent han, hadde gjort dette naar ingen hadde høyrt han? Han kunde leggja alt vel til rette att og springa og gjøyma seg; so kunde dei tru, at flaska vart slegi sund, eikorleis daa dei flytte paa kufferten.

I ei hondevending fek han upp laake og gjorde som tenkt; — det fek ikkje hjelpa, um væta gjorde skade. So lurde han seg som ein tjuv ut og burtetter paa nedre sida av stova; der- fraa upp paa baksida av alle husi og uppetter bakkarne; stansa ikkje, fyrr han var komen radt uppum brote, so han ikkje saag heim.